Skilt og dekor

Skilt og dekor er viktige element for å formidla bodskapar og informasjon, og å skapa gode førsteinntrykk.

Profilera tilbyr ei rekke ulike produkt og løysingar innan skilting. Stort eller smått, med eller utan lys –me hjelper deg å finna rett skilt til dine behov. Med spesialkompetanse på universell utforming, kan me tilby gunstige pakkeløysingar til offentlege institusjonar og andre bygg som stiller spesielle krav til universell utforming og tilgjenge.

Dekor har både estetiske, praktiske og kommunikative funksjonar. Interørdekor kan til dømes gi deg smarte reklameflater, avskjerming, utsmykking som fyller tomrom og skaper stemning, og han kan vera eit tryggleikstiltak. Frosting eller foliering av glas, veggillustrasjonar, akustikkplater med bildeprint, dekorerte whiteboard-tavler: Berre kreativiteten er hindring for kva me kan levera – og me hjelper deg gjerne med idear til den visuelle utforminga.

Universell utforming

Profilera leverer og monterer skilt og merking ihht til kravene i Tek17 og Norsk standard. Me kan også bidra med rådgjeving, hjelp til å utarbeide bygg og skiltplan.

Skal du skilte eit bygg, ta oss med på råd tidleg i prosessen.

Me leverer

Fasadeskilt

Firmaskilt

Dørskilt

Freseskilt

Fareskilt

Butikkskilt

Serviceskilt

Veivisingsskilt

HMS-skilt

Foliedekor

Trenger du hjelp?
Me hjelper deg gjerne!

Stord – 919 04 419
Husnes – 404 07 463