Informasjonskapslar
Så lite som mogleg. Berre det som trengst.
Nettsida brukar informasjonskapslar og lokal lagring i nettlesaren for å hugse innlogginga på kundesida, ta vare på utkast i førespurnadsskjemaet og forstå korleis sida vert brukt.
Sist oppdatert november 2026.
Nødvendige
Desse trengst for at sida skal verke, og kan ikkje slåast av:
- Innlogging på kundesida og driftsportalen (lokal lagring i nettlesaren)
- Utkast i førespurnadsskjemaet, slik at de kan halde fram der de slapp (øktlagring – vert sletta når fana vert lukka)
- Samtalehistorikk i «Spør oss» i den aktive økta
Statistikk
Me kan bruke eit analyseverktøy for å sjå kva sider som vert besøkte og kor godt skjemaa fungerer. Dataa vert brukte samla og anonymt, og berre til å gjere nettsida betre.
Slik styrer de dei
De kan slette eller blokkere informasjonskapslar og lokal lagring i innstillingane til nettlesaren. Då må de logge inn på nytt på kundesida, og utkast i skjemaet vert ikkje tekne vare på.
Spørsmål? Skriv til post@profilera.no eller ring 922 17 690. Sjå òg informasjonskapslar og personvern.