
04 · Teneste
Universell utforming
Skilting som alle kan bruke. Me leverer taktile dørskilt med punktskrift, trappemarkering, leielinjer og kontrastmerking – planlagt etter romliste og teikningar, og tilpassa bygget, brukarane og krava i prosjektet.
Dette leverer me
Gjer det lettare å finne fram.
Taktile skilt, punktskrift, leielinjer og kontrastmerking. Me hjelper dykk med skilting og merking tilpassa bygget, brukarane og krava i prosjektet.
- 01Taktil skrift og punktskrift tilpassa krava i prosjektet
- 02Kontrastmerking av trapper og glasfelt
- 03Romliste og plantegningar som grunnlag
- 04Montering og gjennomgang før overlevering
Taktile dørskilt
Romnummer, namn og piktogram – med punktskrift.
Trapper og glas
Kontrastmerking tilpassa bygget og bruken.
Leielinjer
Taktile leielinjer og merkefelt innandørs.
Referansar
Universell utforming me har levert.
Frå første kontakt til ferdig leveranse
De treng ikkje ha løysinga klar.
Start med eit bilete, ein idé eller ei skildring av det de treng. Me hjelper dykk å avklare resten – frå materiale og utforming til pris og gjennomføring.
01
Me avklarer behovet
Kva skal profilerast, kvar skal det brukast, og når må det vere klart? Send gjerne bilete, mål og logo. Ved behov avtalar me ei synfaring.
02
De får forslag og tilbod
Me utarbeider ei løysing med utforming, materiale og pris. De får sjå korrekturen og gi tilbakemelding før noko vert produsert.
03
Me set arbeidet i produksjon
Når tilbod og korrektur er godkjende, startar produksjonen. Me kontrollerer utføringa før leveransen går vidare.
04
Me leverer og monterer
Me leverer som avtalt og tek oss av monteringa når ho er ein del av oppdraget. Til slutt går me gjennom leveransen og avklarer eventuelle spørsmål.
Har de noko på gang?
Fortel oss kva de treng.
Gjerne med bilete og mål. Me tek kontakt for å avklare oppdraget og gi dykk eit tilbod. De treng ikkje vite nøyaktig kva de skal bestille – det er uforpliktande å spørje.
Andre tenester







