
06 · Teneste
Klede og profilartiklar
Jakker, genserar og t-skjorter med logo – transfer, broderi eller trykk. Koppar, capsar, flasker og refleks til kundar og tilsette. Me hjelper med val av plagg og metode, og de godkjenner korrektur før me startar.
Dette leverer me
La profilen bli ein del av kvardagen.
Arbeidsklede med trykk eller broderi, og gåve- og bruksartiklar med logo. Me hjelper dykk å finne produkt og merking som passar dei som skal bruke dei.
- 01Transfer, broderi og trykk – metode etter plagg og bruk
- 02Namn og tittel på kvart plagg om de vil
- 03Gåveartiklar med gravering eller trykk
- 04Pris og leveringstid vert avklart i tilbodet
Arbeidsklede
Jakker, bukser, genserar og synlegheitstøy med logo.
Gåver og give-aways
Koppar, capsar, flasker, pennar og refleks.
Metode
Transfer, broderi, trykk eller gravering.

Koppar og drikkeflasker med logo – til tilsette, kundar og arrangement.

Drikkeflasker med logo.

Logo på kopp, òg på mørkt gods.
Referansar
Klede og profilartiklar me har levert.
Fleire referansar kjem. Be om tilbod, så viser me døme som passar dykkar prosjekt.
Frå første kontakt til ferdig leveranse
De treng ikkje ha løysinga klar.
Start med eit bilete, ein idé eller ei skildring av det de treng. Me hjelper dykk å avklare resten – frå materiale og utforming til pris og gjennomføring.
01
Me avklarer behovet
Kva skal profilerast, kvar skal det brukast, og når må det vere klart? Send gjerne bilete, mål og logo. Ved behov avtalar me ei synfaring.
02
De får forslag og tilbod
Me utarbeider ei løysing med utforming, materiale og pris. De får sjå korrekturen og gi tilbakemelding før noko vert produsert.
03
Me set arbeidet i produksjon
Når tilbod og korrektur er godkjende, startar produksjonen. Me kontrollerer utføringa før leveransen går vidare.
04
Me leverer og monterer
Me leverer som avtalt og tek oss av monteringa når ho er ein del av oppdraget. Til slutt går me gjennom leveransen og avklarer eventuelle spørsmål.
Har de noko på gang?
Fortel oss kva de treng.
Gjerne med bilete og mål. Me tek kontakt for å avklare oppdraget og gi dykk eit tilbod. De treng ikkje vite nøyaktig kva de skal bestille – det er uforpliktande å spørje.
Andre tenester




