
05 · Teneste
Interiørfolie
Folie er ein rask måte å fornye eit lokale på. Frosta band på glasveggane, strukturfolie på møblar og dører, eller eit stort motiv langs korridoren – montert utanom opningstid om det passar best.
Dette leverer me
Nytt uttrykk på det de allereie har.
Forny veggar, dører og møblar, eller skjerme glasflater med frosta folie. Me hjelper dykk å velje overflater, mønster og dekor som passar lokalet.
- 01Gradert frosta folie for skjerming i augehøgd
- 02Strukturfolie i tre, stein og metall på møblar og dører
- 03Printa veggfolie med laminat
- 04Montering utanom opningstid om det passar
Glasveggar
Skjerming, logo og stripemønster på glas.
Møblar og dører
Nytt uttrykk utan å byte ut noko.
Veggdekor
Store motiv i resepsjon, korridor og hall.

Døme: frosta stripefolie i augehøgd på glasveggar og dører – skjerming utan å stengje lyset ute.

Same mønster på dør og vegg gjev eit roleg uttrykk gjennom heile lokalet.

Montering av stripefolie på glasvegg i møterom.
Referansar
Interiørfolie me har levert.
Frå første kontakt til ferdig leveranse
De treng ikkje ha løysinga klar.
Start med eit bilete, ein idé eller ei skildring av det de treng. Me hjelper dykk å avklare resten – frå materiale og utforming til pris og gjennomføring.
01
Me avklarer behovet
Kva skal profilerast, kvar skal det brukast, og når må det vere klart? Send gjerne bilete, mål og logo. Ved behov avtalar me ei synfaring.
02
De får forslag og tilbod
Me utarbeider ei løysing med utforming, materiale og pris. De får sjå korrekturen og gi tilbakemelding før noko vert produsert.
03
Me set arbeidet i produksjon
Når tilbod og korrektur er godkjende, startar produksjonen. Me kontrollerer utføringa før leveransen går vidare.
04
Me leverer og monterer
Me leverer som avtalt og tek oss av monteringa når ho er ein del av oppdraget. Til slutt går me gjennom leveransen og avklarer eventuelle spørsmål.
Har de noko på gang?
Fortel oss kva de treng.
Gjerne med bilete og mål. Me tek kontakt for å avklare oppdraget og gi dykk eit tilbod. De treng ikkje vite nøyaktig kva de skal bestille – det er uforpliktande å spørje.
Andre tenester





