Om oss

Me er stolte av å vera tilsett i Profilera!

- Velkommen til vår verden innan grafisk arbeid og produksjon.


Kva me gjer


Me er ein totalleverandør innan skilt og dekor.
Gjennom samarbeid med trykkeri og andre bedrifter i den grafiske bransjen kan me levere komplette
løysingar – frå idé til ferdig produkt.


Me hjelper deg gjennom heile prosessen, frå planlegging og design til produksjon og montering.


For oss er produksjon meir enn berre ein jobb – det er ein lidenskap.
Me synest det er ekstra kjekt å sjå kreative idear bli til liv på bilar, bygg, veggar, skilt og mykje meir.


Kven me er


Bak arbeidet står eit team av arbeidsame og kreative fagfolk.
Me er alltid klare til å ta fatt på nye prosjekt, store som små.


Med kombinasjonen av erfaring, kunnskap og stå-på-vilje tek me utfordringar på strak arm og jobbar for
å finne gode løysingar for kundane våre.


Me har avdeling både på Stord og på Husnes i Kvinnherad,
og saman arbeider me for å levere kvalitet og løysingar som skaper verdi for kundane våre.


Privacy policy

OK