Heilfoliering av ein Volvo EX30 i den lilla profilfargen til BOMA, med mørk bølgjelinje langs heile bilen og «the BOMAbile» på sidene og bak – ein butikkbil som ikkje er til å ta feil av.
BOMA The Store fekk fasadebokstavar frå oss då butikken opna i Haraldsgata. Bilen er neste steg i same profil: heilfoliert i lilla, med ei mørk bølgjelinje som startar på frontskjermen og går rundt bakluka, og namnet «the BOMAbile» der folk ser det.
Ein elbil med mange runde flater krev nøyaktig tilpassing. Folien er lagd i eitt med karosseriet, utan skøytar i synlege felt.
Dette leverte me
- Heilfoliering i lilla
- Mørk bølgjelinje langs heile bilen
- «the BOMAbile» på sidene og bakluka
- Tilpassa karosseriet på Volvo EX30
Frå prosjektet
Detaljane som gjer heilskapen.
Bølgjelinja følgjer heile sida. Bakluka – «the BOMAbile» på begge sider av lykta.
Fleire i same fag
Meir bildekor.



Vil du ha noko liknande?
Start førespurnad