
Stord kommune – brann og redning · Studalen, Stord · 2026
Brannstasjonen – merka frå fasade til golv
Fasadeskilt med emblem, frosta glasfolie med brannfolk i arbeid, dør- og romskilt, piktogram og golvmerking i garasjar og garderobar for reine og ureine soner. Heile skilt- og dekorpakken til den nye brannstasjonen i Studalen – levert til opninga våren 2026.
Den nye brannstasjonen til Stord kommune ligg i Studalen ved E39 og vart opna 11. april 2026. Om lag 1 700 kvadratmeter over to etasjar: vognhall, verkstad, treningsrom, garderobar, kontor og undervisningsrom. Eit bygg der folk skal finne fram fort – òg når det hastar.
Me leverte heile pakken i eitt uttrykk. Fasadeskiltet med emblem og bokstavar vart montert frå lift. Innandørs fekk glasveggane frosta folie med silhuettar av brannfolk i arbeid og raude felt som tek att fargen frå fasaden. Dørskilt, piktogram og golvmerking i garasjar og garderobar – for reine og ureine soner – følgjer same system, slik at stasjonen kjennest heilskapleg frå parkeringa til garderoben, og dei yngste besøkande møter ein brannbamse på veggen.
Dette leverte me
- Fasadeskilt «Stord brannstasjon» med emblem – montert frå lift
- Frosta glasfolie med silhuettar av brannfolk på møterom og kontor
- Dør- og romskilt med raudt profilfelt
- Piktogram for garderobar og toalett
- Golvmerking i garasjar og garderobar for reine og ureine soner
- Frittståande skilt med kommunevåpenet
- Veggdekor til dei yngste besøkande
Frå prosjektet
Detaljane som gjer heilskapen.
Emblemet på veg opp – montert frå lift. Møterommet: brannmann på stige i frosta folie. Korridoren – silhuettar, raude felt og romnamn rett på glaset. Pauserom og undervisningsrom. Raudt felt, romnamn, same system på kvar dør. Kontoret til brannsjefen – romnamn og motiv i folie. Kontor 202, med brannslangen som motiv. Golvmerking for reine og ureine soner – i garasje og garderobe. Piktogram for garderobe, HC og toalett. Badstua: dørskilt og sonemerking i eitt. Frittståande skilt med kommunevåpenet. Brannbamsen – veggdekor for dei yngste.
Fleire i same fag
Meir skilt og dekor.



Vil du ha noko liknande?
Start førespurnad