Blått tak og bakparti med den store S-en, logo på frontdøra og sunnhordland.no bak – dekor på ny Peugeot e-2008 for lokalavisa Sunnhordland.
Avisbilen skal kjennast att på heile Stord. Me tok den blå profilfargen over taket og ned på bakpartiet, slik at den store S-en ligg over bakskjermen og bilen er blå bakfrå – medan fronten er rein kvit med logo på døra.
Folien er tilpassa kvar enkelt flate, med reine overgangar mellom kvitt og blått.
Dette leverte me
- Blå folie på tak og bakparti
- Stor S-logo over bakskjermen
- Logo på frontdørene
- Nettadresse på bakluka
Frå prosjektet
Detaljane som gjer heilskapen.
Klikk på eit bilete for å sjå det stort
Bakpartiet: S-en over skjermen, nettadressa på luka. Tak og bakluke i blått – reine overgangar.
Fleire i same fag
Meir bildekor.



Vil du ha noko liknande?
Start førespurnad