Båten som fyller glasveggen
Referansar
Stord

Napier AS · Hovlandsvegen, Bømlo

Båten som fyller glasveggen

Printa vindusdekor i farge for Napier på Bømlo: ein heil glasvegg med ein av båtane deira, frosta felt i augehøgd på kontor og møterom – og utfrest husnummer på spilekledninga ute.

Kontorlokala til Napier har glasveggar mellom kontor, møterom og korridor – lyst og ope, men med behov for skjerming. Løysinga vart frosta felt i augehøgd som skjermar utan å stengje lyset ute, og ein heil glasvegg med ein av båtane til reiarlaget printa i farge, frå golv til tak.

Ute er husnummeret utfrest og montert på spilekledninga ved inngangen. Same rolege uttrykk ute som inne – tilpassa lokalet, ikkje lagt oppå det.

Dette leverte me

  • Glasvegg frå golv til tak med printa motiv av ein av båtane til Napier
  • Printa vindusdekor i farge, tilpassa interiøret
  • Frosta folie i augehøgd på glasveggar og dører
  • Utfrest husnummer «18» ved inngangspartiet

Frå prosjektet

Detaljane som gjer heilskapen.

  • Båten går over fleire felt og rundt hjørnet.
  • Kontorrekkja: frosta felt i augehøgd, båtmotivet i enden.
  • Korridoren – frosta folie på alle glasveggane.
  • Vegg og dør med frosta felt. Lyset slepp gjennom.
  • Utfrest husnummer på spilekledninga.

Fleire referansar

Anna me har levert.

Vil du ha noko liknande?

Start førespurnad