
Stord Handball – REMA 1000 Handballfestivalen · Stord
Ei heil helg i festivalfargane
Fasadebanner som ønskjer velkomen, fotoramme «Toppspelar» for deltakarane og sponsorlogoar printa på golvet i hallen – profilering som tek festivalen frå parkeringsplassen og inn på banen.
REMA 1000 Handballfestivalen er Vestlandets største handballturnering for born og unge, arrangert av Stord Handball kvar pinse. Profileringa skal fungere for tusenvis av spelarar, foreldre og sponsorar samstundes – og tole ei heil helg med folk, ballar og sko.
Me leverte fasadebanneret som møter alle som kjem, ei fotoramme i festivalprofilen der spelarane tek sitt eige «spelarkort», og sponsorlogoane printa på golvfolie inne i hallen. Same blåfarge, same uttrykk – frå parkeringa til midtstreken.
Dette leverte me
- Fasadebanner «Velkomen til REMA 1000 Handballfestivalen Stord» på hallveggen
- Fotoramme «Toppspelar» i festivalprofilen – til bilete av spelarane
- Sponsorlogoar printa på golvfolie i hallen
- Same profil og fargar på alle flater
Frå prosjektet
Detaljane som gjer heilskapen.
Fotoramma «Toppspelar» – spelarkort i full storleik. Sponsorlogoar printa på golvet i hallen.
Fleire referansar
Anna me har levert.



Vil du ha noko liknande?
Start førespurnad