Ein firmabil køyrer forbi tusenvis av menneske kvar veke. Spørsmålet er ikkje om han skal merkast, men kor mykje – og det finst tre nivå som dekkjer det aller meste.

Nivå 1: Logo og kontaktinformasjon

Logo på dørene, nettadresse og telefon bak. Det minste inngrepet, raskt å montere og lett å fjerne. Passar godt når bilen er leigd, når profilen er enkel, eller når de vil kome i gang før de bestemmer dykk for meir.

Nivå 2: Delfoliering

Her tek me med profilfargen på delar av bilen – ein front i turkis, eit felt langs sida, ein heil bakdør. Det er dette nivået som gjer at ein bilpark ser ut som éin, sjølv om bilane er av ulike merke og årgangar. Sjå korleis det vart for Aritech.

Nivå 3: Heilfoliering

Heile bilen får ny farge eller eit heildekkjande motiv. Størst merksemd, og lakken under er verna så lenge folien sit på. Heilfoliering krev meir tid på verkstaden og god planlegging av kvar logo og tekst skal sitje i høve til dører, handtak og lister.

Fire ting å tenkje på uansett nivå

  • Lesbart på 20 meter. Nettadressa er viktigare enn slagordet. Éin bodskap per flate.
  • Leasing. Sjekk avtalen: folie kan fjernast, men avtal gjerne fjerning samstundes med dekoren.
  • Arbeidsbilar. Refleks langs sidene og bak gjer bilen tryggare på byggjeplass og i mørket – og det kan gjerast som ein del av profilen.
  • Vedlikehald. Handvask og unngå høgtrykk rett på kantane, så held dekoren seg fin lenger.

Dette treng me frå dykk

Merke, modell og årsmodell på kvar bil, gjerne bilete frå alle sider, og logoen i vektor. Me lagar ei skisse på rett bilmal, og kontrollmåler alltid bilen før me skjer folie – ingen bilar er heilt like, sjølv ikkje same modell.