Fasadeskiltet er ofte det første og siste kundane ser av verksemda. Likevel vert det gjerne bestilt i siste liten, etter at bygget står ferdig. Desse fem punkta tek me alltid gjennom – og di tidlegare, di betre vert resultatet.
1. Kvar vert skiltet sett frå?
Frå vegen i 50 km/t, frå parkeringsplassen eller frå fortauet? Avstanden og farten avgjer bokstavhøgda. Ein grei tommelfingerregel: om lag 2,5 cm bokstavhøgd for kvar 3 meter lesavstand. Skal namnet lesast frå 60 meter, snakkar me om bokstavar på rundt ein halv meter.
2. Lys eller ikkje?
Er verksemda open når det er mørkt, bør skiltet lyse. Frontlyste bokstavar er tydelegast, bakbelyste (halo) gjev eit rolegare uttrykk mot fasaden. Begge treng straum fram til skiltet – det er langt enklare å leggje i byggjefasen enn etterpå.
3. Kva fasade skal det festast i?
Stålplater, mur, tre og glas krev ulike festemetodar og ulik vekt på skiltet. Me treng å vite kva som er bak kledningen, og om det er lekter eller isolasjon der skiltet skal sitje.
4. Treng de løyve?
Mange kommunar krev søknad for større skilt og lysskilt, og i sameige eller leigde lokale må gardeigaren vere med. Sjekk med kommunen tidleg – me hjelper gjerne med teikningar og fotomontasje til søknaden.
5. Heilskapen
Eit fasadeskilt står sjeldan åleine. Dørskilt, parkeringsskilt, vindaugsdekor og innvendig merking bør teiknast samstundes, i same system. Sjå korleis det vart gjort på brannstasjonen.
Slik kjem de i gang
Send oss eit bilete av fasaden, omtrentlege mål og logoen. Me lagar ei fotomontasje som viser skiltet på bygget dykkar – så tek me resten saman.



