1. Start med plassen, ikkje produkta

Kor stor er standen – 3 × 2, 3 × 3 eller større? Er han open mot éin gang eller to? Det avgjer om de treng ein bakvegg eller to rollupar, og om det er plass til ein disk.

2. Vel eitt hovudpunkt

Ein bakvegg eller ein lysvegg er hovudpunktet. Alt anna – rollup, flagg, disk – støttar opp om det. To hovudpunkt konkurrerer om merksemda.

3. Tenk transport før de bestiller

Ein bakvegg får plass i ein stasjonsvogn. Eit telt treng varebil. Lysvegg treng straum. Det er kjedeleg å oppdage på parkeringsplassen.

4. Bruk det de har

Har de ei bakveggramme frå før, er det ofte nok med ny duk. Rollup-kassettar kan brukast om att. Me spør alltid kva de har før me foreslår noko nytt.

5. Kle teamet likt

Piqué eller t-skjorte i same farge gjer at besøkande ser kven dei kan snakke med. Det er den rimelegaste delen av standen – og ofte den viktigaste.

I standplanleggjaren kan de svare på nokre spørsmål, få eit utgangspunkt og sjå standen med eigen logo før de ber om tilbod.