Kvart år kjem dei same spørsmåla i november: Rekk me å få logo på plagga før jul? Svaret er oftast ja – men det er lettare, rimelegare og rolegare om de startar i oktober.
Kvifor så tidleg?
Plagg med broderi eller trykk skal bestillast frå leverandør, kome til verkstaden, merkast og pakkast. Nokre storleikar og fargar går tomme hjå leverandørane i november. Og storleikane til dei tilsette skal samlast inn – det tek alltid lengre tid enn planlagt.
Det som vert brukt
- Fleece eller ullgenser i ein roleg farge, med liten logo. Vert brukt på jobb og på tur.
- Termokopp av god kvalitet. Den rimelege varianten hamnar bakarst i skapet.
- Lue – rimeleg, alle treng ein, og logoen er synleg heile vinteren.
Med eller utan logo?
Ei gåve med stor logo kjennest som reklame. Ei gåve med liten, diskret logo – eller logoen berre på innsida – kjennest som ei gåve. Me hjelper dykk å finne balansen.
Me pakkar gjerne kvar gåve for seg, med eller utan kort frå dykk.



