Når ei verksemd dekorerer éin bil, er det logoen som gjeld. Når dei dekorerer seks, er det systemet som gjeld: same plassering, same storleik, same farge – uansett kva bil som står utanfor hos kunden.
Fargen gjer jobben på avstand
Aritech har ein turkis profilfarge som skil seg ut i trafikken. Me tok han ned på panseret og fronten på kvar bil, slik at dei kjennest att lenge før du kan lese logoen. Logoen ligg på sidene og bak, der folk ser han når bilen står parkert.
Ein mal, seks bilar
Alle bilane er same modell, så me laga éin mal og folierte dei etter kvarandre på verkstaden. Det gjev lik avstand frå kantar og lik plassering på alle – noko som er vanskelegare å få til når ein bil kjem i februar og neste i august.
Har de ein bilpark som skal fornyast? Send oss modell og farge, så lagar me eit forslag de kan sjå med eigen logo.



