Den nye brannstasjonen på Stord skulle merkast frå parkeringsplassen og heilt inn til badstua. Det høyrest ut som mange små jobbar – og det er det – men poenget er at dei skal sjå ut som éin.

Same system heile vegen

Me starta med fasaden: skilt og bokstavar som er lesbare frå vegen, plasserte etter korleis bygget faktisk vert sett når du kjem køyrande. Så dørene, der merkinga både skal vere tydeleg for mannskapet og sjå ryddig ut for dei som er på besøk.

Inne tok me glasfolie på møterom og kontor, piktogram på dører og golvmerking i garasjar og garderobar – for reine og ureine soner. Alt i same fargar, same skrift og same avstand frå kant – det er det som gjer at eit bygg kjennest gjennomtenkt.

Sjå fleire bilete frå prosjektet under referansar.