Glasfolie er ofte frosta og diskret. Hos Napier vart det motsett: eit stort bilete i farge av ein av båtane deira, printa på folie og montert på glasveggen i det lyse lokalet.
Når biletet er profilen
For ein reiarskipsverksemd er båtane det folk kjenner att. Å ta dei inn på veggen gjer lokalet til ein del av forteljinga – utan eit einaste skilt. Folien er printa i høg oppløysing og tilpassa kvar glasflate, med reine skøytar der veggen er delt.
Og husnummeret
Utanfor inngangspartiet står husnummeret utfrest – det er den typen detalj som gjer at ein kjem fram til rett dør første gongen.
Interiørfolie passar for møterom, korridorar og resepsjonar der de vil ha skjerming, motiv eller profil på glas de allereie har.



