Kvar pinse fyller REMA 1000 Handballfestivalen Stord hallane med spelarar frå seks til seksten år – og foreldre, trenarar og sponsorar. Alt skal skje på same stad, og profileringa må fungere for alle på ein gong.

Tre flater, same profil

Banneret møter alle som kjem. Det heng på fasaden og er dimensjonert for å lesast frå parkeringsplassen, i festivalen sin blåfarge.

Fotoramma er den delen folk hugsar. Ei stor ramme i festivalprofilen der spelarane kan stille seg opp og ta «spelarkort»-bilete – med namn på laget sitt. Ho står der heile helga, og det er kø.

Golvdekoren er sponsorlogoar printa på golvfolie i hallen. Det må tole tusenvis av handballsko og likevel sjå bra ut på søndag.

Slitasje er designkravet

Ved arrangement handlar det ikkje berre om å sjå bra ut i opningsminuttet. Golvfolie, banner og rammer må veljast etter kor mykje dei skal tole – og monterast slik at dei kan takast ned utan spor.